onsdag 20.09 kl. 07:00 - torsdag 21.09 kl. 11:00
Velkomen til 10-årsjubileet til energi- og næringskonferansen Kraft i Vest! I år er temaet "Tid for handling". Vi veit ein god del om kva retning vi må gå, men korleis når vi målet om ei fornybar framtid raskt nok?
Påmeldinga er open og dei siste brikkene er snart på plass. Hovudtema for konferansen i år er:
Dag 1 kjem blant anna Åslaug Haga frå Fornybar Norge og astrofysikar, forfattar og vitskapsformidlar, Eirik Newth. Vi skal også ha utdeling av DRIV-prisen og festmiddag på Gloppen Hotell med underhaldning av Jan Eggum.
Frå 09-10.45 i kinosalen er det gratis småkraftseminar:
SFE og Sparebanken Sogn og Fjordane inviterer til småkraftseminar under Kraft i Vest. Her prøvar vi å kike inn i framtida, både når det gjeld kraftpris og rente. I tillegg vil vi snakke om andre sentrale rammevilkår for bransjen som skattlegging, forsikringsvilkår m.m.
Dag 2 ser vi på teknologi, kunstig intelligens og folkeopinion og haldningar. Her får vi blant anna høyre Thomas Seltzer snakke om "Amerikansk armageddon".
Meld deg på her. NB: Melder du deg på innan 20. august sikrar du deg rabatt før prisen stig til vanleg nivå.
Konferansen er blant dei viktigaste møteplassane på Vestlandet, og samlar årleg nærare 300 deltakarar frå næringsliv, offentlege organisasjonar, akademia og politiske miljø. Bli med og få to dagar med høgaktuell innsikt, gode samtalar og sanselege opplevingar.
Kraft i Vest er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane Energi, Sparebanken Sogn og Fjordane, Vestland Fylkeskommune, Høgskulen på Vestlandet og Innovasjon Norge Vestland.
onsdag 20.09 kl. 07:00 - torsdag 21.09 kl. 11:00
Seminar
Gratis
Miljø