Tilbake til program

tirsdag 17.09 kl. 08:00 - 12:00

Korleis få forskingsmidlar til innovasjonsprosjektet ditt? Steg-for-steg guide til suksess.

Arrangementsbeskrivelse:
Har du eit innovasjonsprosjekt og treng finansiering? Bli med på vårt arrangement der vi går gjennom korleis du kan sikre forskingsmidlar til ditt prosjekt. Vi tilbyr ein kombinasjon av nyttig opplæring, nettverksbygging og personleg rådgjeving. Dette er ei unik moglegheit for bedrifter og gründerar som ønskjer å ta sitt prosjekt til neste nivå.

Arrangementet startar med uformell mingling, etterfølgt av ein grundig gjennomgang av søknadsprosessen for forskingsmidlar. Undervegs vil vi ha ein lunsjpause der du kan knyte kontaktar med andre deltakarar. Etter lunsj tilbyr vi ein-til-ein møter der du får gratis rådgjeving tilpassa ditt spesifikke prosjekt.

Kven er vi?
FORREGION Vestland støttar bedrifter som ønskjer å drive forskingsbasert innovasjon gjennom økonomiske midlar og rettleiing. Vi tilbyr tilskot til prosjekt som fremjar innovasjon og berekraftig verdiskaping, og hjelper bedrifter med å få tilgang til forskingsmidlar som kan drive deira prosjekt framover. Gjennom ordningar som «Forprosjekt», «Forskar til låns» og «Opphald i ein forskingsorganisasjon» gir vi bedrifter moglegheit til å utvikle nye løysingar, produkt eller tenester ved hjelp av forsking.

FORREGION Vestland vert gjennomført i partnarskap med Høgskulen på Vestlandet (HVL) og Vestlandsforsking, som har sentrale roller i kompetansemeklinga. Vi samarbeider også med næringsklynger, næringshagar og inkubatorar i heile fylket for å mobilisere næringslivet til å bruke forsking som verktøy for innovasjon og berekraftig utvikling. Midlane i FORREGION Vestland er hovudsakleg finansiert av Kommunal- og distriktsdepartementet, med tilleggsløyvingar frå Vestland fylkeskommune og eigeninnsats frå partnarane.

Tidsplan:
• 10:00 - 10:30: Mingling og registrering
• 10:30 - 12:00: Introduksjon og kursdel – Korleis få forskingsmidlar til ditt innovasjonsprosjekt?
• 12:00 - 12:30: Lunsjpause og nettverksbygging
• 12:30 - 14:00: Ein-til-ein rådgjeving for deltakarar

Praktisk info

Tid

tirsdag 17.09 kl. 08:00 - 12:00

Sted

Type arrangement

Workshop

Pris

Gratis