torsdag 19.09 kl. 17:30 - 19:00
Lansering av ein ny podkast, innblikk i Førdes unge forskarmiljø, sofasnakk og tonar frå mannskoret Buldre – alt dette kan du få oppleve på Elvesus, Førdes nyaste restaurant!
Helseforsking Sogn og Fjordane er eit samarbeid mellom HVL og Helse Førde, og her jobbar mellom anna mange yngre doktorgradsstipendiatar. Eit hovudtema for dei er nye løysingar for å følgje opp pasientar digitalt, noko som vil vere avgjerande for framtidas helsetenester.
Dei unge forskarane har eit brennande engasjement for å formidle meir av kva dette miljøet jobbar med. Difor vert det no laga ein podkast-serie slik at du kan få innblikk i kven dei er og kva dei forskar på.
Under årets Forskingsdagar og Innovasjonsveka Sunnfjord inviterer vi til lansering for podkasten: «Forskarsnakk – store spørsmål frå ein liten plass». På programmet den kvelden får du høyre spennande innlegg og sofasnakk med talkshow-vertinna Sigrid Førde frå Kunnskapsparken Vestland.
Ta med deg gode vener og møt opp på Elvesus 19. september! Vi ønskjer deg velkomen til ein triveleg og sosial kveld der du kan få litt meir innsikt i Førde sin største løyndom. Se mindre
torsdag 19.09 kl. 17:30 - 19:00
Annet
Gratis