Vestland er ein region med ei rik historie innan industri og eksport, vi har alltid vore kjent for vår evne til å tilpasse oss og innovere. I dag står vi ovanfor nye utfordringar og moglegheiter. Vestland er det fylke i Noreg som eksportere mest, men vi er også det fylket med høgst klimautslepp. Vi må snu økonomien vår og skape nye grøne arbeidsplassar. Gjennom prosjektet Grøn region Vestland tar vi grep saman for å gjere nettopp det.Felles for alle kommunane i Vestland er at dei har kystlinje. I 2024 opnar Innovasjonsuken med tema havnærinane. One Ocean er ein partnarskap som består av aktørar frå næringsliv, akademia og det offentlege. Partnarskapen har fokus på berekraftig verdiskaping, kunnskap og forsking knytt til havet. I vestlandsregionen har vi komplette verdikjeder av verdens leiande bedrifter, forskings- og utdanningsinstitusjonar, og forvaltningsaktørar. På vegne av Noreg har vi plikt til å gå føre, samle aktørane og senke terskelen for samarbeidVestland har forsking og utdanning i verdsklasse. Bergen er nest største studentby med rundt 40 000 studentar. Studentar er framtida sine leiarar og innovatørar. Ved å fremme entreprenørskap blant studentar får dei verktøya og moglegheitene dei treng for å utvikle sine idear o skape nye løysingar på utfordringar i dag og i morgon. Entreprenørskap gir studentar verdifull erfaring, lærer dei å ta risiko og tenke kreativt. Det forbereder dei på ei verd i rask endring. Innovasjonuken OPP 2024 har fleire arrangement for studentar. Spesielt gler vi oss til studentfestivalen den 16. september.Innovasjon er nøkkelen til å møte framtida utfordringar. Vestlandhar ein unik kombinasjon av naturressursar og teknologisk kompetanse . Vi må fortsette å dyrke skaparkrafta bygd og by i heile fylket. Velkommen til Innovasjonsuken OPP 2024
- Heidi Bjønnes Larsen, Leder innovasjonsinfrastruktur i Vestland fylkeskommune