Les hennes OPP-ned-historie.
🎢 Hva har du gjort som er OPPned?
Det var mange som lurte på kva i hulaste eg dreiv med når eg hoppa av ein godt betalt konsulentkarriere og byrja å jobbe med klima, omstilling og bærekraft i 2013. Babyen dei neste 8 åra blei å bygge opp nettverket Klimapartnere, for grønn omstilling, som no har over 400 bedriftspartnarar nasjonalt.
Truleg var dette arbeidet også ein viktig del av min inngangsbillett til noværande rolle som regiondirektør i NHO Vestland. No sitter eg rundt «eit langt større bord» og påverkar utforming av politikk og vilkår for samfunnsutvikling på vegne av våre 4000 medlemsbedrifter i Vestland.
🎢 Hva vil du endre i samfunnet?
Eg er glødande opptatt av at bedriftene, Vestland og Norge skal lukkast med grøn og bærekraftig omstilling. Kva vi får til dei neste par åra, meiner eg spelar ei langt større rolle på verdsbasis enn kva mange later til å tru.
🎢 Hva vil du endre i hverdagen?
Eg lider av akutt FOMO. Litt usikker på om det er mogleg å endre på, men eg prøver stadig å hardpakke dagane litt mindre. Uavhengig av kor tettpakka livet blir, prøva eg å sikre at det er ein god Twistpose av alvor, meining, aktivitet, leik, moro og kvalitetstid med dei som betyr noko.
🎢 Hvem ser du OPPtil?
Eg ser opp til mine barn. Dei er lagspelarar av rang!
🃏 Arrangementer under OPP
Til høsten er det full fart med fokus på Kraftløftet 2.0, Privat Eierskap og stabile rammevilkår, Arbeidskraftløft og ikke minst vidare arbeid med Grøn Omstilling og arbeid opp mot valget i 2025.
Helene Frihammer dukker OPP på scenen når NHO sammen med Bergen Næringsråd, BI, Vestland fylkeskommune, Innovasjonsuken OPP og Bergen kommune arrangerer: Go BIG or stay Home: Fra Vestland til verden.