Grøn region Vestland gler seg til å samarbeide med OPP. Vi er eit samarbeidsprosjekt mellom Vestland fylkeskommune og Innovasjon Norge som sørge for at både styresmakter, verkemiddelapparat og industrien i Vestland skal finne gode samarbeidsprosjekt som får opp farten på det grøne skiftet i Vestland.
Gjennom strategien industriell symbiose, der industrien etablerer sirkulære system for bruk av ressursar skal Vestland og industrien meir enn oppfylle sin del av dei nasjonale måla om kutt i utslepp, fleire arbeidsplassar og auka eksport.
Under OPP vil vi vere med på opningsarrangementet kor vi vil vise kordan industrien samarbeidar om kutt i klimautslepp gjennom industriell symbiose og smartare bruk av ressursar.
Vår prosjektleiar er også med på arrangmentet «Ni om energi» saman med Forskningsdagene i Bergen.
Foto: Eierne av Grøn region Vestland, avdelingsdirektør i Vestland fylkeskommune, Bård Sandal, og regiondirektør i Innovasjon Norge, Kristine Timberlid.
Fotograf: Eivind Senneset