LivOGLyst-konferansen

LivOGLyst-konferansen

Konferanse for lokal samfunnsutvikling og entreprenørskap.
Partnarskapen ved Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland og Innovasjon Norge inviterar til LivOGLyst-konferanse 26. september for prosjektåret 2018.

Partnarskapen samarbeider for å stimulere lokalt entreprenørskap og mobilisering i lokalsamfunn på ein systematisk og vedvarande måte. LivOGLyst-programmet i Hordaland er tufta på heilskaplege og inkluderande utviklingsprosessar.

Målgruppa for konferansen er alle som er interessert i lokalsamfunnsutvikling og entreprenørskap: Eldsjeler og andre, samt kommunerepresentantar frå politisk og administrativt nivå.
Det vert arrangert workshop om tema som er aktuelle for alle dei deltakande, men her blir det óg lagt til rette for at dei som ønskjer det, kan kome i gang med idédugnad og skisse til LivOGLyst-søknad for 2018.

LivOGLyst-konferansen
Dato: Tirsdag 26. September
Tidspunkt: 10:00 - 16:00
Sted: Scandic Ørnen, Bergen
Legg til i kalender

Gratis

Meld meg på


Arrangementsoversikt