Frå ide til marknad - Sogndal

Vegen frå ide til marknad startar med å la kundane avgjere om ideen din er god. På samlinga vil du lære korleis du kan gå fram for å teste og vidareutvikle ideen din, og korleis Innovasjon Norge kan hjelpe deg på vegen.

Vi vil gå gjennom:

Forretningsmodellering – korleis lage ei lettfatteleg skisse over verksemda di

Lean start-up – Korleis raskt teste og vidareutvikle idéen din for å maksimere sjansen for å lukkast

Tilskot til gründerar – Korleis søkje midlar frå Innovasjon Norge til å teste og vidareutvikle idéen din

På samlinga vil du treffe andre gründerar som du kan inspirere og lære frå. 

Det vil i etterkant av møtet vere tid til korte møter(speed dates).

Klikk "Meld meg på" for meir informasjon og påmelding.



Arrangementsoversikt